Samferdselsdirektør Jesper Wiig håpar at Trollstigen kan bli opna 14.juli. I år blei Trollstigen stengd på grunn av ras og fare for ras.
Lokalt har det kome ønske om opning i mai, men Wiig seier arbeidet med å klargjere vegen har blitt meir krevande enn ein trudde det skulle bli.
Han seier vidare at innkreving av bompengar vil vere eit viktig bidrag for å få ei varig løysing for Trollstigen.