48 prosent av alle over 65 år har tatt årets koronavaksine til no. Det er litt lågare enn i fjor.
Helsedirektør Bjørn Guldvog meiner det er urovekkande lågt.
– Vi som er over 65, ber også at ansvar for at vi ikkje belastar helsetenesta og kapasiteten i helsetenesta unødig.
I oktober sende FHI ut ein SMS til ein million nordmenn over 65 år. I starten av november var det 34 prosent som hadde vaksinert seg, og så har dette auka til 48 prosent i løpet av månaden.